Kaupanger frisbeepark
Ved idrettsanlegget på Kvernhushaugen tilbyr Sogn Frisbee 4 bane-layouter fordelt på 2 baner med varierte vanskelegheitsgrader. Banene er døgnopne og tilgjengeleg for alle. Det vert bede om at turneringar eller samspeling av større grupper (20pers<) vert samorganisert med KIL og Sogn Frisbee-gruppa. Sjå banekart og oversikt over baner her.
Kalven
Kalven
Eiga bane i Kaupanger Frisbeepark. Seks kortare hol(30-50m) som passar til nybyrjarar/born/oppvarming. Her kan du og øve på innspel og putting. Her er det laga til slik at du kan få øve deg på å putte frå ulike posisjonar/lengder.
Bukken
Spissbukken
Alle par 3-hola på bana. For deg som er fersk i sporten eller som har dårleg tid.
Gjennomsnittslengd: 65m
Tidsbruk: 1 time
Storbukken
21 hol. Dei 18 originale hola + 3 ekstra hol som er betydeleg lengre. Desse hola er meir teknisk og taktisk krevjande. Blant anna eit av Noregs kulaste par 5-hol?
Gjennomsnittslengd: 85m
Tidsbruk: 2 timar