Arrangement

Dugnadsfest
Dugnadsfest for Kaupangerhallen
📅 Dato: Fredag 21. mars
🕖 Tid: Klokka 19:00
📍 Stad: ViteMeir
👥 For kven? Alle som har bidrege med dugnadstimar
🎩 Antrekk: Pent
Bli med og feir dugnadsinnsatsen!
Me ønskjer å invitera alle som har bidrege med dugnadstimar, stort og smått, til ein påspandert middag på ViteMeir. Me set stor pris på innsatsen som er lagt ned for å realisera Kaupangerhallen – dette må feirast!
Det vert ein sosial kveld med god mat og hyggeleg lag.
🍾 Det vert mogleg å kjøpa drikke på SmakeMeir.
Program for kvelden
✅ Velkommen
🍽️ Middag: Biff Stroganoff med ris, salat, focacciabrød og dressing
🎤 Ordet fritt
Påmelding
📅 Frist: 14. mars
Renate: 📩renate.buene@gmail.com / 📞 90688230
Vivian: 📩vivian.hilleren@hotmail.com / 📞 90659727
Hugs å oppgje namn og ev. allergiar ved påmelding.
Har du ikkje fått invitasjon?
Me har sendt ut invitasjonar via e-post og SMS, men kan ha gløymt nokon. Sjekk gjerne med dugnadskollegaene dine om dei har fått invitasjonen – og meld deg på!
💚 Med beste helsing frå komiteen:
Vivian, Lene og Renate

Årsmøte
Innkalling ⎮ årsmøte Kaupanger Idrettslag
Dato: Torsdag 20. mars
Tid: Kl. 19.00
Stad: Klubben, Kaupangerhallen
Sakliste:
• Vanlege årsmøtesaker
• Gjennomgang av rekneskap og budsjett
• Val av styremedlemmer
• Informasjon om planlagde prosjekt og framtidig utvikling
Frist for innsending av saker: 12. mars
Saker kan sendast inn via knappen eller til e-post bjarte.ramstad@kaupangeril.no.
Alle medlemmar er velkomne til å delta for å påverke idrettslaget sitt arbeid og utvikling.

Ungdomskveld med padel & pizza
Ungdomskveld
padel & pizza
📅 Dato: Laurdag 15. mars
〰️
🕕 Tid: 18:00 – 21:00
〰️
📍 Stad: Kaupangerhallen
〰️
💰 Pris: 100 kr per person
〰️
📅 Dato: Laurdag 15. mars 〰️ 🕕 Tid: 18:00 – 21:00 〰️ 📍 Stad: Kaupangerhallen 〰️ 💰 Pris: 100 kr per person 〰️
Bli med på ein sosial og kjekk kveld med padel og pizza!
Arrangementet er ope for alle mellom 15–17 år, uansett nivå.
Me stiller med utstyr og kan gi ei enkel innføring i spelereglar og grunnleggande teknikk.
Perfekt både for deg som vil prøve padel for første gong og for deg som allereie spelar!
For å sikre plass, meld deg på via skjemaet nedanfor:
Me gler oss til ein sporty og sosial kveld – velkomen! 🎾🍕

Damenes PadelAften🎾
Damenes Padelaften i Kaupangerhallen! 🎾
Fredag 14. mars
kl. 18:00–22:00
Kaupanger Padel inviterer til ein sosial og aktiv kveld for damer!
#KaupangerPadel
-
Enten du er nybegynnar eller har spelt før.
-
I reglar og teknikk - for dei som ønskjer det
-
For dei som vil konkurrere
-
… og ope klubbområde for mingling
PÅMELDING
Velkomen til ein kjekk og aktiv kveld i hallen! 🎾💪
Leif Andrik,
Kaupanger Padel

Romjulsturnering i Kaupangerhallen
Velkommen til den aller første romjulsturneringa i Kaupangerhallen!
KIL ønskjer å lage ei turnering som flest mogleg kan vere med på.
Her skal det sosiale stå i førarsetet, og me håpar flest mogleg vil dra med seg naboar og vener, med eller utan teknikken på plass, og vere med å feire den flotte hallen vår.
Me må sjølvsagt ta med oss litt av arven frå Porsmyri cup, so det kan dukke opp nokre uventa vriar undervegs
Påmeldingsfrist: 1. desember (førstemann til mølla dersom det vert fullt).
Påmelding og meir info om sjølve turneringa inkl klassar og reglar : https://forms.gle/K8mdDaUYcreEsqKk7

KIL-fest 2024'
Da ha gaott rykte pao skogen om at folk har savna ein god gammaldags fest før heile fotballfamilien pao Kaupanger.
Me har derfor no sett ned ein komité for og nettop laga til ein fest, og kva sesong er ikkje bedre enn når herrelaget rykker opp, damene tek KM sølv og rekruttlaget har hatt ein god sesong der både unge og gamle i harmoni ha forma eit bra lag som tok 3 plass i sin divisjon. Og ikkje minst sjølvsagt for å hedra alle dei som står på med alle forskjellige oppgåve frå damene i kiosken, til banemanskapet, til dei so rydda rundtom heile anlegget. Detta er ein kveld mange skal heidrast!
So set av datoen Laurdag 30. November klokkao 19:00 og utøve!
Og ke kan du forventa på ein kveld som detta spør du kanskje deg sjølv? Det vil både bli matservering i form av pizza, oppsumering av korleis dei nye generasjonane Kaupinga har gjort det denna sesongen på sine lag. Heidring av dei som gjer til at alt rundt dei fire kvite linjene som definera ei fotballbana fungera plettfritt. Prisutdelingar til spelarar på alle 3 seniorlaga. Det skal også heidrast ein gjeng lokale ungdommar som har ein sentral rolle i at herrelaget klarte å sikra eit opprykk, nemmleg KGG!
Mykje god prat og historiar på bordi pao tvers av både grender og generasjonar håpar me også det blir:) Alt dette skal me bli losa trygt og godt igjennom ao ingen ringare enn Jonas Engebø!
Og når programmet er ferdigt blir lyset senka, ungane sendt til sengs og det blir duka for ein god gammaldags fest for fotballfamilien, som folk har spurt etter i mangen år, som me håpar so mangen so mogleg av dei som kjem og er gamle nok blir verande utover kvelden:)
Det vil både under programmet og etterpå stå skåler med snacks og snop rundtom på borda, og brus til dei som ynskjer det. Det folk vil ha med seg og drikke utover det teke di med sjølv slik at di får drikka akkurat da di ønske:)
Påmelding blir ved at di vippsar 200,- til Vipps nummer 735615 (Kaupanger Herre) Dette er slik at mi får oversikt over kor mangen som skal ha pizza, og at de får snop/snacks og brus til dei som ynskjer:) Hugs og merk vipps med navn.
Viss det er nokon me allergiar me treng vite om, eller om de vil ha vegeteriansk pizza:) Dette kan sendast/ringast om til Tor Kristian Dulsvik på 94197930:) Om det er andre spørsmål eller noko de lurer på rundt festen kan de og ringe til han.
Me det sagt på vegne av festkomiteén håpar me at so mangen som mogleg har lyst til å ta turen for å laga ein magisk kveld i Skogly med oss, dykk sjølve og ein plus one om de vil:)
Påmeldingsfrist er 24. November

KIL-marknaden 2024'
KIL arrangerer tradisjonell marknad i Skogly.
Åresal, kafé, loddbøker, KIL markerer og kulturelle innslag.
Alle hjarteleg vel møtt!

Opning av Kaupangerhallen
Bli med store og små - medlemmar i idrettslaget, bidragsytarar og sponsorar.
Møt opp i hallen laurdag 23.11 kl 13.00 det blir ei markering med kake, kaffi, sprudlende og god stemning.
Me treng ein skikkelig sluttspurt siste veka, men me er så nære målet at me tek sjansen på å invitere til opningsfest laurdag saman med gode samarbeidspartnarar og bidragsytarar.
Vel møtt - dette blir ein historisk dag for Kaupanger idrettslag!

Vinterserien runde 9
Felles oppmøte ved øvingskorga klokka 12 kor me avtaler grupper og starthull.
Skulle ikkje dette tidspunktet passe har du mulighet til flexstart både før og etter.