KIL Logo

bli medlem i

kaupanger idrettslag

som medlem fΓ₯r du:

TILGANG TIL VΓ…RE TRENINGSFASILITETAR OG AKTIVITETAR

  • Som medlem fΓ₯r du fri tilgang til vΓ₯re idrettsanlegg og kan delta pΓ₯ organiserte treningar, opne ΓΈkter og tilrettelagde aktivitetar for ditt nivΓ₯.


MULIGHEIT TIL Γ… DELTA PΓ… LAG OG KONKURRANSAR

  • Bli ein del av eit lag og fΓ₯ sjansen til Γ₯ spele kampar, delta i turneringar og konkurransar pΓ₯ bΓ₯de lokalt og nasjonalt nivΓ₯, avhengig av idretten du driv med.


FORSIKRING IGJENNOM NORGES IDRETTSFORBUND

  • Alle medlemmer som deltek i organisert idrett er forsikra gjennom NIF sine ordningar. Dette gir tryggleik ved eventuelle skadar under trening og konkurranse.


FORDELAR FRΓ… DEI IDRETTSFORBUNDA VΓ…RE GRUPPER HØYRER TIL

  • VΓ₯re ulike idrettsgrupper er tilknytte nasjonale forbund som tilbyr medlemsfordelar, rabattar pΓ₯ utstyr, kurs, lisensordningar og andre gode avtalar for aktive utΓΈvarar.


For Γ₯ delta i organisert aktivitet i idrettslaget, mΓ₯ du fΓΈrst bli medlem.

bli medlem i kil -enkelt og raskt!

For Γ₯ delta i idrettsaktivitetar eller stΓΈtte idrettslaget, fΓΈlg desse enkle stega:


  • Klikk pΓ₯ knappen for Γ₯ opne Kaupanger Idrettslag sin medlemsportal.

Vel medlemskontigent

  • Aktivt medlem - for deg som skal delta i idrettsaktivitetar.

  • StΓΈttemedlem - for deg som vil stΓΈtte idrettslaget utan Γ₯ delta aktivt.


Vel treningsavgift

(berre for aktive medlemmar)

  • Vel avgifta for aktivitetar du skal delta pΓ₯ (t.d. fotball, padel, herretrim).

Vel utvalg

  • Etter du vel avgift syner systemet dei aktuelle utvalga for avgiftene.

  • Her kan ein velje fleire - ein mΓ₯ hugse Γ₯ velje rett!

(viktig for Γ₯ kome i rett gruppe)

FullfΓΈr med Γ₯ betale

  • Gjer deg kjend med medlemsvilkΓ₯r og godkjenn viss einig.

    (medlemsvilkΓ₯r framgΓ₯r av NIFs regelverk, sjΓ₯ her.)

  • Du kan betale med Vipps, bankkort eller faktura.


treng du hjelp?

  • SpΓΈr ein i klubben - vi hjelper deg gjerne!

Gjerne ogsΓ₯ kontakt post@kaupangeril.no

πŸ’š Velkomen til Kaupanger IL

– saman skapar vi idrettsglede!