Kaupanger Fotball
I Kaupanger fotball ynskjer me at fotball skal vere moro for alle. Me ynskjer Γ₯ stΓ₯ for sunne haldningar og bruke Fair-Play prinsippet. Kaupanger ynskjer Γ₯ gi eit godt tilbod til barn og unge som er tilpassa den enkelte sitt nivΓ₯. Kaupanger ynskjer ogsΓ₯ Γ₯ gi eit breiddetilbod pΓ₯ seniorsida slik at alle som vil har eit tilbod. Laga skal ha eit stort innslag av lokale spelarar frΓ₯ Kaupanger. Toppsatsinga pΓ₯ damesida er i samarbeid med Sogndal Fotball flytta inn i den nyoppretta klubben Sogndal FK Damer frΓ₯ 01.01.2022
Verdigrunnlaget vΓ₯rt er:
Kompetent
Me ynskjer Γ₯ ha god struktur pΓ₯ organisasjonen slik at me lagar eit grunnlag for kontinuitet og stabil drift. Me arbeider for at vΓ₯re tillitsvalde skal vere skulerte til Γ₯ gjere ein god jobb bΓ₯de sportsleg og administrativt.
Inkluderande
Alle rollar store og smΓ₯, er viktige for at KIL skal bestΓ₯. Me behandlar kvarandre med gjensidig respekt og tillit, og alle som ynskjer Γ₯ spele fotball i Kaupanger skal fΓ₯ lov til det.
Lagspelar
Saman gjer me kvarandre gode - internt i laga, mellom laga, mellom gruppene i idrettslaget og i bygda. Me er engasjerte i klubben vΓ₯r.
Gjennom vΓ₯re mΓ₯lsettingar og verdiar, ΓΈnskjer me Γ₯ vere ein viktig samfunnsaktΓΈr i Kaupanger.

