barneidretten
Kaupanger IL
Velkommen til barneidretten i Kaupanger IL!
Barneidretten er aktivitetar for born på Kaupanger, prega av leik og allsidigheit. Borna får vera med på mange ulike aktivitetar etter årstida, både inne og ute.
kva er barneidretten i kaupanger il?
Barneidretten er eit lågterskeltilbod for dei yngste, der me legg til rette for leik, rørsle og idrettsglede.
Me tilbyr aktivitetar for 1. til 4. klasse (5. klasse haust) og gir borna moglegheit til å prøve ulike idrettar gjennom året.
kva aktivitetar tilbyr me?
Gjennom året har me eit variert program med ulike aktivitetar:
Gymsalaktivitetar: Ballspel, turn, dans og leik.
Uteleik: Friidrett, sykling, hinderløype og turar i nærmiljøet.
Snøaktivitetar: Skileik og aking.
Vår- og haustkarusell: Allsidig friidrettsleikar for barn i alle aldrar.
Gymsalfredag: Opent tilbod for barnehagebarn med frileik i gymsalen.
Me har faste aktivitetar på torsdagar, men nokre spesialarrangement kan bli lagt til andre dagar.
kven kan vere med?
Barneidretten er open for 1. til 4. klassingar, med moglegheit for 5. klassingar å delta om hausten
Fotball kan startast frå våren før skulestart.
Barnehageborn kan delta på Gymsalfredag og våre opne karusellar.
For å delta i barneidretten må barnet vere medlem i Kaupanger IL.
Dette sikrar at alle deltakarar er forsikra gjennom idrettslaget.